Tekstboks: Snøen ligg som eit kvitt glinsande teppe,  og alt virkar stille og vakkert frå stove glaset. Varmen frå peisen spreier seg, det føles varmt og trygt å vere inne. Men korleis er det utanfor husets fire beskyttande veggar og tak? kor lenge vil du overleve trur du?

Arctic Adventures kurset vil teste dine ferdigheiter og pågangsmot, og utvikle  evnene dine til  å jobbe i team, noko som vert nødvendig. 
Her må me hjelpe og passe på kvarandre. Me vil lære å meistre vintermiljøet i alle sine lunefulle fasar. Det vert nok kaldt, men me vil også ha det moro og samstundes lære nye ferdigheiter.

Mitt namn er Aad Meurs ledar av Arctic Adventures og det er eg som kjem til å vera instruktøren på kursa. Før eg begynte med dette var eg 18år i den nederlandske marinen. Eg har oppleved det

meste, alt frå det arktiske Nord Noreg til den ekstreme varmen i Cambodia. Medan me trena i Noreg fekk eg i oppdrag å lære nybegynnarane kva ein må gjere og ikkje gjere i villmarka, og ein kan overleve og byggje opp ein soveplass om ein er i nød. Med mine erfaringar er du i trygge hender. Første prioriteringa er tryggheit! Så om du er ute etter å oppleve noko nytt så kontakt meg i dag

Så om du er ute etter å oppleve noko nytt så kontakt meg i dag!!

Val Av Kurs

Du kan velje mellom 3kurs. (Novice, Advanced og Survival). Kvart kurs vil utvikle dine ferdigheitar i det arktiske miljøet. Alt du treng er motivasjon til å ha det moro. Resten ordnar me, inkludert riktig utstyr.

Tekstboks: Kurs Nr1. Novice       : Varigheit Måndag- Fredag / Fredag- Tysdag frå Januar til April 2008
Nummer av deltakarar: Minimum 6- Maximum 12
 
Dette er nybegynnar kurset og for mange det første møtet med arktiske forhold, der snø og is dominerar landskapet.

Dag 1: De blir henta på Flesland og køyrd til Voss, ein tur på omtrent 2 timar. Etter ankomst til Voss køyrer me rett til innkvarteringa og sjekkar inn. Det blir då gjennomgåing av kurset og demonstrasjon av utstyret, som me kjem til å bruke. Etter kveldsmaten blir det tid til å bli kjent med kvarandre.

Dag 2: Etter frukost gjer me oss klar til fjelltur. Me skal lære oss å bruke trugar. Når alle føler at dei meistrar denne måten å gå på, begynner me å gå i fjellet. Ved returnering til hovudbasen vår vert det servert eit varmt måltid. Etter denne pausen blir det opplæring i bruk av kart og kompass.

Dag 3: I dag legg me trugane på hylla og finn fram skiene våre. De vil få grunnleggjande instruksjon i korleis me tek vare på utstyret vårt. Dette inkluderar å velje riktig smøring etter verforholda. 
Etter smøring av ski blir det undervisning i grunnleggjande teknikkar i langrenn. Me kjem og til å bruke litt meir tid i kartlesing ute. Dag 4 kjem ein av dei tøffaste utfordringane, nemleg isbading. Me kjem til å diskutere litt detaljar rundt denne sprøe forma for underhaldning.

Dag 4: På denne siste dagen kjem me til å kombinere dei nye kunnskapane våre. Her er det fritt til å velje mellom trugar eller ski. Det kjem til å verte ei kort orientering der du sjølv må finne fram til eit punkt ved bruk av kart og kompass. 
Etter ein liten pause går me til vatnet og finn det ”svarte holet“, som ligg å ventar på oss. For dei som ynskjer det er dette sjansen til å hoppe uti og verkeleg få kjenne på det kalde vatnet. Etter at denne etappen er unnagjort beveger me oss tilbake til hovudbasen, der grilling av heil gris ventar på oss. Det blir også sjanse til å ta ein kald pils i ein oppvarma stamp. Dagen endar med evaluering av kurset etterfylgt av utlevering av diplom, som bevis for dei nye kunnskapane dine om vinter overleving.

Dag 5: Etter den siste frukosten vår ilag returnerar me til Flesland. Om de har eit seinare fly er det mogelegheit for å reise inn til sentrum ein tur.

Pris :  NOK 5300,-
Inkludert i prisen : Transport frå og til Flesland, 3 måltid kvar dag, utstyr og soveplass.
Tekstboks: Booking And Clothing Information
Tekstboks: Kurs Nr2.  Advanced  : Varigheit Måndag- Laurdag eller Torsdag- Tysdag frå Januar til April 2008
Nummer av deltakarar: Minimum 6 Maximum 12
Dette er eit litt tøffare kurs for dei som vil oppleve litt røffare forhold. Her får du sove i telt.

Dag 1: De blir henta på Flesland og køyrd til Voss. Ein tur på omtrent 2 timar. Etter ankomst Voss køyrer me rett til innkvarteringa og sjekkar inn. Det blir så gjennomgåing av kurset og demonstrasjon av utstyret, som me kjem til å bruke. Etter kveldsmaten blir det tid til å bli kjend med kvarandre.

Dag 2: Etter frukost dreg me avgårde til fjella. Her vil de få opplæring i bruk av trugar, før me går vidare til hovudbasen. Her får de prøvd ut korleis ein set opp telt på is og snø. De vil få lære å lage bål, så denne dagen lagar me middag over bålet. Etter middag blir det opplæring i bruk av kart og kompass.

Dag 3: I dag legg me trugane på hylla og finn fram skiene våre. De vil få grunnleggjande instruksjon i korleis ein tek vare på utstyret vårt. Dette inkluderar å velje ut riktig smøring etter vérforholda. 
Etter smøring av ski blir det undervisning i grunnleggjande teknikkar i langrenn. Me kjem óg til å bruke litt meir tid til kartlesing. Dag 5 kjem ein av dei tøffaste utfordringane, nemleg Isbading. Me kjem til å diskutere litt detaljar rundt denne sprøe underhaldninga.

Dag 4: Dagen blir delt i to. Medan eine gruppa tek ein tur med hundeslede, prøver dei andre fiskelukka si. Forhåpentlegvis får me nok fisk, slik at det vert kveldsmat. Etter lunch byter gruppa plass.

Dag 5: Etter frukost pakkar me saman telta og ryddar basen. Frå her går turen vidare til vatnet, for å finne det ”svarte holet”, som ligg og ventar på oss. For dei som ynskjer er dette sjansen til å hoppe uti og verkeleg få kjenne på det iskalde vatnet. Etter at denne etappen er unnagjort bevegar me oss tilbake til hovudbasen, der grilling av heil gris ventar på oss. Det blir også sjansen til å ta ei kald pils i ein oppvarma stamp om ein ynskjer det. Dagen endar med evaluering av kurset etterfylgt av utlevering av diplom, som bevis for dei nye kunnskapane dine om vinteroverleving.

Dag 6: Etter den siste frukosten vår ilag returnerar me til Flesland. Om de har eit seinare fly er det mogelegheit for å reise inn til sentrum ein tur.

Pris :  NOK 6260,-
Inkludert i prisen : Transport frå og til Flesland, 3 måltid kvar dag, utstyr og soveplass
                                                  
Tekstboks: Booking And Clothing Information
Tekstboks: Kurs Nr3: Survival     : Varighet Måndag- Laurdag frå Januar til April 2008
Nummer av deltakarar: Minimum 6 Maximum 12
Dette er kurset som skil menn frå gutar eller kvinner frå jenter! Her får de lære ferdigheiter som kan redde livet i vinter naturen. 

Dag 1: De blir henta på Flesland og køyrd til Voss. Ein tur på omtrent 2 timar. Etter ankomst Voss køyrer me rett til innkvarteringa og sjekkar inn. Det blir så gjennomgåing av kurset og demonstrasjon av utstyret, som me kjem til å bruke. Etter kveldsmaten blir det tid til å bli kjend med kvarandre.

Dag 2: Etter frukost dreg me avgårde til fjella. Her vil de få opplæring i bruk av trugar. Før me går vidare til der me skal ha hovudbasen. Her får de prøvd ut korleis ein set opp telt på is og snø. Dette inkluderer opplæring i bygging av gapahuk. Etterpå returnerar me til hovudbasen og forbereder oss til dag 3, Forhåpentlegvis får me ei god natts søvn.

Dag 3: Blir brukt til å lage snøhole. Det blir lagt vekt på sikkerheit ettersom de ikkje skal tilbringe natta i telt. 

Dag 4: Dagen blir delt i to. Medan eine gruppa tek ein tur med hundeslede, prøver dei andre fiskelukka si. Forhåpentlegvis får me nok fisk, slik at det vert det kveldsmat. Etter lunch byter gruppa plass.

Dag 5: Etter frukost pakkar me saman telta og ryddar basen. Frå her går turen vidare til vatnet, for å finne det ”svarte holet”, som ligg og ventar på oss. For dei som ynskjer er dette sjansen til å hoppe uti og verkeleg få kjenne på det iskalde vatnet. Etter at denne etappen er unnagjort bevegar me oss tilbake til hovudbasen, der grilling av heil gris ventar på oss. Det blir også sjansen til å ta ein kald pils i ein oppvarma stamp om ein ynskjer det. Dagen endar med evaluering av kurset etterfylgt av utlevering av diplom, som bevis for dei nye kunnskapane dine om vinteroverleving.

Dag 6: Etter den siste frukosten vår ilag returnerar me til Flesland. Om de har eit seinare fly er det mogelegheit for å reise inn til sentrum ein tur.

Pris :  NOK 9800,-
Inkludert i prisen : Transport frå og til Flesland, 3måltid kvar dag, utstyr og soveplass

Tekstboks: Booking And Clothing Information

Copyright ©2006 Arctic Adventures Norway                                                                                                        email: info@arctic-adventures.eu